Trott Junior 1 og 2

Trott har i år to juniorlag, som begge har trent godt og spelt ein del kampar i vinter. Her kjem eit lite referat frå desse, samt litt om kva som ventar laga i nær framtid.

Årets fyrste treningskamp kom omsider mandag 4. februar. På grunn av snøfall vert denne kampen flytta til denne dagen, og grunna kort frist blei det berre ein kamp og ikkje to som fyrst planlagt. Denne kampen var det hovudsakleg Trott 1 spelarar men og tre Trott 2 spelarar. Kampen var heilt ok spelemessig, sjølv om det enda med 5-4 tap, etter mål av Erlend G, Mats P, Sindre E og Torstein B.

Påfølgande helg var det duka for dobbeltkamp mot Stord i Prestegardsskogen. 18.00 barka Trott 2 og eit forsterka Stord 2 lag saman, noko som enda i eit fortjent tap for våre gutar. 6-1 vart stillinga til slutt og Abdi var den som reduserte for Trott. Sjølv om fokus i treningskampane ikkje er å vinne for ein kvar pris, men heller å utvikle laget og kvar einaste spelar i positiv retning, merka laget at ein har ein veg fram spesielt med tanke på organiseringa innad i laget. Dette vil arbeidast med kontinuerlig vidare.

I kampen etter vann Trott 1 mot Stord 1 i ein veldig god kamp. Gutane frå Trott 2 fekk her sjå korleis spelarane i laget skal arbeida saman. Heilt fortjent vart det altså seier mot eit veldig godt Stord lag på ein veldig god dag. Denne kampen er kanskje noko av det beste Trond Egil hadde sett av spelarane. Det lovar godt!

Sundag 17. februar var det ny dobbeltkamp, denne gong mot Solid. Trott 1 spelte mot Solid 1 fyrst, i ein kamp som rett og slett ikkje var god frå vår side i fyrste omgang. Kanskje var det alle kreftene fleire brukte på at det regna så vanvittig mykje (!) som gjorde at Solid leda 3-0 til pause. Mykje slurv, konsentrasjonsvikt og lagdelar som ikkje holdt saman får ta skulda for det. Heldigvis var det ein heilt annan gnist i andre omgang. Trott kom inn i kampen og fekk 3 fine mål og var nære på å vinne, sjølv om og Solid hadde sine sjansar i andre omgang. Godt å sjå fleire av spelarane gå i seg sjølve og skru opp innsatsen fleire hakk i andre omgang og vise kva dei kan. Morten H skåra 2 mål og Simen G skåra 1.

Trott 2 møtte eit ungt Solid 2 lag, der og mange av desse er sisteårs gutespelarar - som i Trott 2.  Det var ein jamn kamp og eit Trott 2 lag som fungerte mykje betre saman denne kampen enn i kampen mot Stord. Ein veldig god Asbjørn Isdal i mål hindra tidlegare Trottspelar Alexander Sæther å skåra i fyrste omgang. Gnisten i laget holdt i samtlige 90 minuttar og på slutten av kampen fekk me avgjort kampen i vår favør og fastsett resultatet til 3-2. Thomas, Mats Matre og Lasse Hystad skåra eit mål kvar. Både Mats og Lasse har vore ute med skade ei stund, og var med Trott 2 denne kampen. Desse ser ut til å bli viktige spelarar på Trott 1 i år.

Det har altså vore varierande resultat i denne perioden, noko som er typisk i den oppkjøringa laga er i nå. Det viktigaste er å læra gjennom det ein gjer i kampsituasjon og bli betre på dette gjennom trening. Trott 1 skal spele i 1. divisjon i Hordaland, medan Trott 2 skal spele i 2. divisjon i Rogaland (noko som tilsvarar 1. divisjon i Hordaland - då dei her ikkje har nokon elite-divisjon). Spesielt blir dette tøft for Trott 2 som er unge og ferske på dette nivået. Likevel ser ein på dette som ein real utfordring og ein lærerik sesong - der kvar enkelt spelar skal utvikle seg vidare som fotballspelarar.

Vidare i vinter/vår blir det nokre treningskampar, samt Haugarturnering for begge laga i Haugesund 29. og 30. mars. Helga etter er Trott 1 invitert til ein elite-turnering på Bremnes der dei vil få god matching. Spelarne set nok pris på om foreldre og andre tar turen for å sjå på desse turneringane:)

Eg ser iallfall fram til våren, sommaren og hausten med ein fantastisk dyktig, kjekk og treningsvillig fotballgjeng!  

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift