Haugaland Kraft Cup 29.- 30. mars

Trott 1 og Trott 2 reiser til Haugesund for å spela cup på gymnasbanane lørdag og sundag. Trott 1 speler i Elitegruppa og møter mellom anna Vard og Ullern i gruppespelet. Sjå puljeoppsett og kampprogram for begge laga og for SST her.

 

Trott stiller med 2 lag, eit i den vanlege juniorgruppa og eit i Elitegruppa.

Trottarane Åshild Oftedal og Lena Stokken er å finna på SST sitt juniorlag
som og er med i cupen. Stord stiller og lag i elitegruppa og kan møte Trott 1
i eit eventuelt sluttspel. Det blir og kjekt å sjå det nye laget til Erlend og Simen i aksjon.
Det er flott at desse får muligheten på dette nivået og det blir kjekt å fylgja med dei vidare.
Både trenarar og spelarar håpar at mange foreldre og familie elles tar turen til "byen" for å
heia på laga våre. Ekstra viktig kan det vera at spelarane får i seg god mat og mykje drikke
gjennom heile cupen. Ei god heimelaga niste og rikeleg med vatn kan fungere mykje betre enn
Kebab og Cola;) Gode og varme klede er og viktig.

Me gler oss.

Lørdag:
Trott 1 har kamp 09.40 mot Os på bane 7.
Trott 2 har sin fyrste kamp 13.15 mot Sandviken 1 på bane 2.
Trott 1 har sin andre og siste kamp denne dagen mot Vard 14.30 på bane 2
Trott 2 møter Djerv 1919 - 2 til sin siste kam lørdagen klokka 17.00 på bane 1

10.50 møter SST Rubbestadneset til kamp på bane 7
13.15 er det kamøybuane i Torvastad som møter SST på bane 7.

15.45 spelar Erlend og Simen sitt nye lag (FK Haugesund) mot Stord i elitegruppa.

Sundag:
Det er uvisst når Trott 2 skal spele, det avheng av resultata lørdagen. Mest sannsynleg
er det kamp allereie 08.30. Tidspunkt vert lagt ut her lørdag ettermiddag.

Trott 1 speler sin siste innleiande kamp mot oslolaget Ullern 10.50 på bane 1.

Kjem laga til eventuelle finalar er tidene for desse slik:
B-finale (Trott 2) klokka 15.45
A-finale (Trott 2) klokka 17.00
Finale i elitecupen (Trott 1) er 15.45
Juniordamefinale er 17.00

Puljeoppsett:

JR-Herrer Elite
Pulje 1 Pulje 2
HaugarUllern
FK HaugesundVard
OddaOs Turn
StordTrott
JR-Herrer 
Pulje 1Pulje 2Pulje 3
HaugarKopervikNord
EtneVardSkjold
Stord 2Stord 3Austevoll
Pulje 4Pulje 5Pulje 6
StegabergDjerv 1919 - 1Djerv 1919 - 2
AvaldsnesRubbestadnesetTrott
TastaSandviken 2Sandviken 1
JR-Damer 
Pulje 1
Torvastad
Haugar
Stord
Rubbestadneset
Ålgård  

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift