Trott 2 - Vea

Det holdt diverre ikkje heilt inn for Trott mot robuste karmøybuar. Tross heiderleg innsats blei det tap 2-3.

3 kampar på 2 dagar for A-laget og juniorlaga gjorde at det var ein relativt tynn stall til kampen mot Vea fredag kveld. Det var eit godt Vealag som hadde tatt turen til Stord og det var dei som kom best i gang. Men etter at dei hadde skåra kampens fyrste mål, faktisk etter målgivande frå keeper, fekk Jørund ballen med seg inn i 16-meteren og plasserte ballen fint i mål på volley. 1-1 og ny giv i laget. 2-1 kom etter at Torstein blei fellt inni 16-meteren og Joar satte straffen rett i ein god Vea-keeper, men var sjølv vaken frampå og dundra returen kontant i mål. 2-1 til pause. Ein flott innsats også i andre omgang holdt oss inne i kampen, sjølv om Vea var veldig farlege til tider. 2-2 kom etter eit frispark skrått frå 25 meter som ingen vant foran mål. Denne burde vore klarert. 3-2 kom 10-15 minutt før slutt, ganske samtidig som Jørund blei direkte utvist for munnbruk.

Tapet greier me og leve med, siden innsatsen var så god som den var. Samtlege på banen spela ein kjempekamp, men Martin Åsheim på midtbanen og Asbjørn Isdal i mål var svært dyktige og viktige i går. Kjekt var det og at Øyvind var tilbake etter skade, samt at Sæbjørn og Njål fekk sin debut. Eit skår i gleden var at Torstein blei takla med knottane fyrst i leggen. Berre flaks hindra brudd i denne sjuke tacklingen. Me håpar alle at kapteinen vår, som og hadde ein god kamp før han blei skada, er speleklar snart.

Mandag er det ny kamp igjen. Då ventar Haugar i Haugesund.

 

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift