SST - Staal Jørpeland: 4-0

Ein gløymer kanskje at Trott faktisk har eit damelag, men samarbeidslaget SST (Stord, Solid og Trott) ligg heilt oppe på ein 5. plass på tabellen i ei sterk 2. divisjonspulja.

Laget som består av spelarar frå alle tre klubbane, har gjort ein overraskande bra sesong, men mykje flytting i samband med skule gjer at haustsesongen kan verta svært vanskeleg. Heldigvis starta haustsesongen best mogeleg og laget vann 4-0 over Staal Jørpeland etter to skåringar av Silje Nordtveit, eitt av Nina Danmo før Trottjenta Åshild Oftedal avslutta med eit godt skot og sendte Staal Jørpeland heim med 0-4 i bagasjen.

SST spelar i 2. divisjon og har heile vestlandet i pulja si, frå Kaupanger i nord til Klepp 2 i sør. Det er viktig at alle jentene i klubben veit om dette laget og har noko å strekka seg etter. 2. divisjonfotball er eit høgt nivå og spel her kan føra ein vidare i karrieren. Det har SST fått merka. Trottspelar Lena Stokken har akkurat meldt overgang til Klepp og har fått muligheten til å spele for desse dei neste åra. Klepp ligg bra til i toppserien og mellom anna landslagskaptein Ane Stangeland Horpestad spelar for jærklubben. Lena kan fort bli den fyrste Trottjenta i Toppserien på mange år. Lykke til.

O omm nokon veit om fotballspelarar på kvinnesida som allereie er eller kjem til øya, anten i jobb eller skulesamanheng, kan jo dette laget vera eit alternativ. Som sagt flyttar mange spelarar i desse dagar og nye flinke spelarar på trening og kamp er bra for konkurransen. Kontakt evt. ein av trenarane (Dagfinn Hillestad eller Maritha Berger Nylund) om ein har nokon i tankane.

Me håpar du er med og støttar opp om SST og.

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift