Trott 3 - Stegaberg 2: 4-1

Trott 3 fossar som Trott 1 mot toppen av tabellen, sjølv om Trott 3 gjer det i 7. divisjon. Ikkje at det betyr mindre for dei 11 utpå banen... Neste tysdag ventar lokaloppgjer mot serieleiar Fitjar 2.

Med 3 nye poeng i Prestagardsskogen i går  ligg Trott 3 berre 1 poeng bak Fitjar 2 på tabellen. 2 lag rykker opp i 6.divisjon etter sesongen, og forhåpentlegvis blir det Trott 3.

Mot Stegaberg 2 stillte Trott 3 med den eldste "stallen" for året, mykje på grunn av kollisjon med junior 1 kamp i Bergen og A-kamp mot Os 2 dagen før . Men rutine og finslepen teknikk frå gamle Trottheltar som Rune Eide, Edmund Lande, Rolf Isaksen, Remy Tyse, Bjarte Kannelønning, Birger Grov, Per Audun Halleraker, Helge Thomas Eide i samarbeid med A-lag spelarane Bjørnar Tønnesen og Joachim Taraldsen gjorde susen. Med litt hjelp frå fjorårskapteinen på Leirvik Ballklubb Magne Kydland ruvande på midtbanen, Rune Isdal, Knut Arve Haukefær og Erling Abrahamsen (ja, han som bomma på 14 100% sjansar...) blei det ein lett siger. Rune Tverborgvik i mål hadde og ein god kamp.

Thor Andre Eide tok ansvar på sida og leia laget i 90 minutt, noko som alltid er bra for dei som spelar. Håpar han kan fortsette i den rolla! 

Nå må laget førebu seg til ein mykje tøffare kamp mot Fitjar 2 neste veke. Kampen mot Fitjar 2 i vår blei vunne 3-0, men Fitjar 2 er nok likevel det beste laget Trott 3 har møtt i serien i år. Fitjar 2 kunne nok vunne mot Fitjar 1 vil eg tru.

Me gler oss til denne kampen!

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift