Stord/Solid/Trott - Sola: 1-1

Trott sitt samarbeidslag på damesida spelte uavgjort mot topplaget i 2. divisjon.

SST ligg plassert på botn av 2. divisjon, men har likevel eit realistisk mål om å halde plassen i divisjonen. På dei to siste kampane har det blitt to uavgjortresultat, mot lag som ligg adskillig høgare på tabellen. 4-4 borte mot Klepp 2 var sterkt, før Sola besøkte SST førre fredag. SST leda 1-0 til det var spelt 93 minutt. Då fekk Sola eit feil idømt hjørnespark, som dei (sjølvsagt) skåra på. i det 94.minuttet hadde Trottspelar Åshild Oftedal eit frispark i tverrliggaren.

Det blir spanande å sjå fortsetjinga for laget og sjå korleis Trottspelarane gjer det på samarbeidslaget.

Kjekt å sjå og at Trottjentene Marin Nesse Belt og Helene Halland renar jamnleg med laget. Helene har og fått nokre innhopp i fleire kampar. Bra jobba!

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift