Trott vann toppoppgjeret mot Os 2

5. divisjon avd. 03: 24. mai 2012 kl. 1830 i Prestegardsskogen: Trott - Os 2 3-2 (2-1)

 Trott sitt lag:

Asbjørn Isdal,
Martin Åsheim, John William Gundersen, Vegard Vinsjevik, 
Jørgen Helland, Nils Henrik Nodland, 
Arnfinn Aadland, Christian Larsen, Viljar Losnegård,
Christopher Steensohn, Thomas Stuve.
 
Innbytarar:
Martin Ness, Pål Gundegjerde.
 
Kampfakta:
0-1 8 Ørjan Håland
1-1 28 Christopher Steensohn (Christian Larsen)
2-1 45 Nils Henrik Nodland (Jørgen Helland)
2-2 75 Børge Borgen
3-2 84 Martin Ness (Christian Larsen)
 
Gule kort Trott:
John William Gundersen, Viljar Losnegård og Christian Larsen.
 
Domartrio:
Geir Inge Myrvold, Strandebarm,
Ole Christian Sørli, Solid,
Lars Gunnar Rafdal, Stord.
 
Den utsette kampen mot Os 2 gjekk i flott sommarver i Prestegardsskogen.
 
Trott har streva med både Os 1 og Os 2 i årevis. Denne gongen var det Trott sin tur.
Os 2 opna best og skåra tidleg etter eit skot frå langt hald. Ørjan Håland fekk føra litt for lenge utan at nokon gjekk på. Skotet var presist og for over Asbjørn Isdal i målet frå 35 meters hald.
 
Trott fekk summa seg og kom inn i kampen. Frå 15 minuttar og kampen ut var Trott best.
Etter ein halv times tid kom utlikninga. Jørgen Helland spelte fint ut på kanten til Christian Larsen. Innlegget var presist og Christopher Steensohn sette ballen fint i mål frå kort hald.
 
2-1 kom rett før domar Myrvold blåste pause. Nils Henrik Nodland fekk første skotforsøket i retur. Det neste skotet var ei skikkeleg kanon som fauk i nettet.
 
I andre omgang kjørte Trott på. Tidleg i omgangen fekk Arnfinn Aadland sjansen frå 1 meters hald. Christopher Steensohn hadde også nokre store sjansar, men det ville seg ikkje. Ofte får motstandaren mål når ein svir sjansar. Børge Borgen sette inn 2-2 etter noko tull.
 
Martin Ness kom inn i midtstopparposisjon i pausen. Han er god på hovudet og blei sendt opp på eit par hjørnespark mot slutten. På ein kårner frå Christian Larsen raga han høgast av alle og skalla inn vinnarmålet.
 
Fullt fortent siger til Trott denne varme torsdagkvelden. Mange spelarar var gode.
Trott ligg no fint til på tabellen etter to heimekampar og fire bortekampar.
 
No ventar ei roleg trening på laurdag før NHH 2 kjem på besøk på mandag 2. pinsedag kl. 1600.

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift