ST - 3. div damer

ST er igong med treninga.

Som kjent valgte Stord Fotball å trekkja seg frå SST samarbeidet eit år før kontaktens utløp. Trass fleire forsøk frå Solid, Trott og HFK om å fortsetja samarbeidet i 2013, vart utfallet at Solid og Trott fortsett som ST i 3. div damer. Hovudtrenar Erling Abrahamsen, med god hjelp frå Maritha Nylund og Jørgen Belt kan melda om fin stemning og gode treningar. Me har no hatt 5 treningar med 23 damer innom treningane, og fleire har meldt sin ankomst. Det vil frå 1. april vera to treningar i Prestegardsskogen og ei i Hustredalen. I mars trenar me tysdag kl 19:30 i Hustredalen, onsdag 19:30 i Hustredalen og torsdag kl 16:30 i Prestegardsskogen. Første treningskamp er borte mot Rubbestanes den 18. mars.

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift