TINE FOTBALLSKULE 22. - 24. JUNI 2015

Tradisjonen tru arrangerte Trott også i år Tine fotballskule i Prestegardskogen den 22.-24.juni.

I strålande sol stilte 118 jenter og gutar i alderen 7-13 år opp i Prestegardsskogen for å starte sommarferien med å spela fotball i tre dagar.

I Trott er me så heldige å ha med oss svært flotte og dyktige instruktørar som gjorde desse 3 dagane både kjekke og lærerike for deltakarane.

Desse var: Olaug Tvedten, Mari Røssberg, Ingrid Belt, Henriette Grov, Hedda Vaage, Sander Veum, Andreas Brakedal Eide, Trym Skår Lande, Thomas Borrevik Eide, Jone Alvsvåg, Albert J. Arnesen, Isak Andre Grov, Simen Grov og Erlend Grov.

Alle banene i Prestegardskogen var i bruk og barna vart delt i grupper etter alder. Det var ei utruleg ivrig og lydhør spelargruppe og dagane gjekk med høg aktivitet og spelarglede, og utan problem av noko slag. Onsdagen vart som vanleg avslutta med VM Cup.

Alle deltakarane på fotballskolen fekk kvar dag ei Litago sjokolademelk frå Tine, i tillegg til ein sekk, T-skjorte og ein fotball frå Trott.

Eg er og stolt av at vi i Trott kvart år også har med viktige vaksne medansvarlige, for å kvalitetssikra arrangementet, og legga gode praktiske og pedagogiske rammer kring Tine Fotballskule.

I år var disse: Edmund Lande, Tarald Tvedten, Erling K. Grov, Torill Borrevik og Eva Grov.

Eg vil med dette takka alle som stilte opp, og var med å gjere dette til eit vellykka arrangement - Eg gler meg allereie til neste sommar og ny fotballskule!!!

Ha ein strålande sommar cool

Eva Grov

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift