Barnefotballkveld 26.10 kl 17.00-2100

Det blir arrangert Barnefotballkveld av Il Solid den 26.10.16 kl 17.00-21.00 i kjellaren i Solidhuset. Kurset er for alle trenarar for laga i alderen 7-12 år.

Ein del av trenarane har gått dette kurset tidlegare - men kurset er no oppdatert og det blir synt ein del nye øvelsar - så Trott håper at flest mogeleg har anledning å møte denne kvelden.

Barnefotballkvelden er eit 4 timar praktisk/teoretisk temakurs som har fokus på korleis ein som klubb og klubbtrenar kan tilrettelegge for meir og betre differensiert og jamnbyrdig fotballaktivitet under trening og kamp.

Målet for kurset å gje riktige utfordringar for kvar einskild spelar slik at alle opplever mestring og tryggheit, både med tanke på å ha med  flest mogeleg lengst mogeleg, men òg for å utvikle spelarar til å bli best mogeleg.

Det er mange praktiske øvingar ein kan bruke for å variere treningane, og dette kurset gir mange og gode tips i høve til å lage gode treningsøkter for born. 

Påmelding til:  gro.s.lien@gmail.com. 

 

 

 

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift