Ballturiltu med Maren Mjelde og vår eigen Olaug Tvedten

I samband med verdas einaste nynorsk barnebokfestival, Falturiltu, vert det 9. november arrangert Ballturiltu i Prestegardsskogen.

– Ballturiltu er ein bok- og fotballfest som me arrangerer i samarbeid med IL Trott, forklarar Falturiltu-general Roald Kaldestad til stordnytt.no. – Me er så heldige å ha med oss Maren Mjelde, kaptein på Avaldsnes og landslaget, til å leie fotballøkta.

26-åringen frå Arna har ei imponerande karriere som fotballspelar på høgt nivå. Seinast denne veka var ho i aksjon i meisterligaen mot franske Lyon og ho har delteke i fleire internasjonale meisterskap med det norske landslaget. Kven kan vel gløyma frispark-perla som sikra Noreg 1-1 mot stormakta Tyskland i førre VM?

– Elles kjem Ole Ivar Burås Storø frå Foreningen !les snakkar om fotball og lesing, seier Kaldestad. – Han vil òg presenterer den rykande ferske boka , «Ørjans keeperskole»,   av landslagskeeper Ørjan Håskjold Nyland. Boka er for fotballspelarar i alderen 8 til 12 år.

Planane for 9. november bør med dette vere spikra – i alle fall i tidsrommet mellom klokka 1700 og 1830. For meir informajon kan ein klikka innom Falturiltu sine heimesider.

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift