Ny utstyrsleverandøravtale med Nike og Sport 1 Stord.

Avtalen gjeld frå 1. desember 2016 til 31. oktober 2020. Trott har fått eit godt inntrykk av Nike som leverandør og har gode erfaringar med å samarbeide med Sport 1 Stord.

Idrettslaget Trott har i styremøte 30. november 2016 vedteke å inngå utstyrsleverandøravtale med Nike og vår lokale sportsbutikk gjennom mange år, Sport 1 Stord.

Avtalen gjeld frå 1. desember 2016 til 31. oktober 2020.

Trott har fått eit godt inntrykk av Nike som leverandør og har gode erfaringar med å samarbeide med Sport 1 Stord.

Sport 1 Stord vil etter kvart få inn klubbkolleksjonen til Trott, og det vil vere høve for alle Trott- medlemmene til å få gode tilbod på kjøp av sportsutstyr på Sport 1 Stord.

I samband med denne avtalen vil det bli oppretta ein eigen app for å registrerer både personlege rabattar og «kick back» til Trott. Denne appen blir knytt opp mot medlemskap i Trott. Det vil ikkje medføre ekstra arbeid for våre medlemmer.

Det blir for tida jobba med sponsorar på drakter og overtrekksdrakter. Me håpar dette blir klart i løpet av november.

Trott ønsker at klubben får ei mest mogeleg lik uniformering både på og utanfor banen. Dette vonar me at me lukkast med saman med våre samarbeidspartar. Meir informasjon vil følgje!

Spørsmål eller kommentarar? Ta kontakt med nokon i styret.

Sportsleg helsing

Trott

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift