Opningsfest av Trotthuset 28. oktober 2016

Det var eit stolt Trottstyre med styreleiar Geir E. Aga i spissen som inviterte til offisiell opning av Trotthuset fredag kveld.

Det var eit stolt Trottstyre med styreleiar Geir E. Aga i spissen som inviterte til offisiell opning av Trotthuset fredag kveld. Det nye klubbhuset var praktfullt festpynta og det var ei høgtidsstund då gjesten kom til bords.  

Æresmedlemmar, viktige samarbeidspartar, dugnadsfolk, trenarar og oppmenn var representert. Aga leia festen med stø hand og takka mellom anna Kjell Sverre Aasheim og Jonathan Zaneski for uvurderlig dugnadsinnsats i samband med bygginga av Trotthuset.

Æresmedlem Jan Kåre Pedersen overraska festlyden med eit svært raust pengebeløp på kr 100 000.- til klubben og ein hyggelig tale – til ståande applaus frå festlyden. Tusen takk!

Tilstellinga vart avrunda med god prat og etter kvart dansemusikk frå dyktige musikantar. Takk til alle som tok seg tid og hadde lyst til å vere med på denne viktige hendinga i Trott si historie!

Med audmjuk helsing

Festkomiteen

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift