Heile C-lisenskursrekka i Prestegardskogen

Trott har i samarbeid med Hordaland fotballkrets laga eit spesialopplegg og arrangere heile C-lisens/Grasrotkurset i Prestegardskogen.

Me har satt opp 3 helger i ein roleg periode før sesongstart:

  • 20, 21 og 22 januar
  • 17, 18 og 19 februar
  • 17, 18 og 19 mars

Samt 3 kveldar (blir avtalt med kursdeltakarane)

Trott satser på utdanning/kursing for leiarar og trenarar. Styret ønskjer å premiere dei som gjennomfører alle

kursa i C-lisensen, så etter gjennomført C-lisens blir det delt ut ein flott utstyrspakke med trenerjakke,

treningstopp og treningsbukse frå den nye Nike-kolleksjonen. 

Rosendal har gjennomført denne modellen, og det var berre positive tilbakemeldingar frå det kurset.

Klubben har fått ei ny glød og eit nytt syn på kompetanseheving.

Benytt deg av tilbodet som er laga og meld deg pål!!!

Påmeldingsfristen er snarast og seinast innan 08.01.17

Send epost til: gro.s.lien@gmail.com

 

Med beste helsing

Geir Alvsvåg (Kvalitetsklubbansvarleg), Kjetil Lothe (Trenarrettleiar) og Gro S. Lien (Utdanningsansvarleg).

Ynskjer du lese meir om innhaldet i C-lisensen, kan du kikke på Hordaland Fotballkrets sine sider: 

https://www.fotball.no/kretser/hordaland/klubb-leder-og-trener/kurskatalog-2016/#77597

 

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift