TROTT-BASAR I SAMHALD søndag 29.10 kl. 16.30

Snart er loddbøkene klar for utdeling til spelarane. MÅNDAG 25. SEPT. frå kl. 18.00-19.30 kan dei hentast i Trotthuset.

Der finn de konvoluttar med loddbøker og informasjon til alle laga i aldersbestemte klassar + A-lag og juniorlag.
 
Det er lagleiar for kvart enkelt lag som har ansvar for at desse blir utdelt og at alle bøkene blir levert på Trottloftet MÅNDAG 23.OKT. kl. 18.00- 19.30. Då må ein og levera inn åregevinstar frå laga sine. 
 
Minner om at nokre aldersgrupper har ulike oppgåver:
• Jente- og gutelag 7 år har ansvar for kakebaking 
• Jente- og gutelag 11 år har ansvar for å selje lodd to laurdagar på Spar Haga (22.10 og 5.11)
• Jenter 15 hjelper til på kjøkken og med sal på basardagen 
• Juniorlag gutar hjelper med bordbæring før og etter basaren.
 
 Lagleiarane på desse laga vil få meir informasjon når dei hentar loddbøkene.
 
 
 
Takk for hjelpa så langt !!!!
 
 
 
 
Sportsleg helsing
IL Trott v/ Basarnemda

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift