Spar Haga Cup 2019!

Me har no opna for påmelding!

Enkelte klassar byrjar å bli fulle!


IL Trott har gleden av å invitere til haustens store fotballbegivenhet på Stord 21. og 22. september 2019.

Den populære Spar Haga turneringa inkluderer gutar og jenter i alderen 9-11 år. Det vil bli ein rein sjuar-turnering med følgjande klassar:

Minijenter 9 år
Minigutar 9 år
Småjenter 10 år
Smågutter 10 år
Småjenter 11 år
Smågutar 11 år

Alle lag får minimum 3 kampar kvar, samt alle kampane på ein dag. Me prøver å leggja det opp slik at lag som kjem langvegs ifrå ikkje spelar kampar tidleg på dagen. Vidare vil me tilstrebe eit komprimert kampprogram, slik at ventetida blir redusert til eit minimum. Kampane blir 2 x 13 minutt.

Vanlege sjuar-reglar vert følgde, bortsett frå speletid på kampar.

Kampar vil bli spelt på laurdag 21. september kl 10-18 og sundag 22. september kl 10-18 i Prestegardskogen idrettspark.

Me har kapasitet til mellom 40 og 50 lag frå heile Sunnhordaland, Rogaland, Voss og Bergensområdet. Utanom kampane prøver me å leggja opp til ei fin sosial ramme for både born, trenarar og foreldre. Det vil vera ulike aktivitetar, sal av pølse, graut, kaker, brus, is etc. Om veret er bra blir det grilling ute.

Sport 1 Stord vil ha stand begge dagane- med mange gode tilbod!

Priser: Lagsavgift kr. 800 per lag (ingen deltakaravgift pr. spelar).

Det er ikkje avklart kva dag dei ulike klassane skal spela på. Det vil være avhengig av kor mange lag som er påmeldt i kvar klasse. Når me nærmar oss utløp for påmeldingsfrist vil det bli sendt ut informasjon om dette.

Påmelding og betalingsfrist er satt til 12. september.

Kontonummer: 3520.07.19237.

Betalinga merkes "Spar Haga cup 2019 + lagnamn".

Dersom du er kontaktperson i klubben- ver vennleg å vidareformidle invitasjonen til aktuelle lag.

Kontaktperson i Trott: Egil Grov, epost: egilgrov@hotmail.com

Meld deg på her!

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift