Påmelding til Allidrett hausten 2019!

Vi held fram med tilbod om Allidrett i Trott frå hausten av. No er det høve til å melde seg på.

100 born har delteke på Trott Allidrett i 2018-2019. Tilbodet blir vidareført frå hausten av, for born fødd i åra 2011, 2012, 2013 og 2014.

Du kan melde på barnet ditt ved å sende ein e-post med namn, fødselsdato og bustadadresse for barnet/barna, samt kontaktinfo (e-post, mobiltlfnr) for forelder/føresette til allidrett@outlook.com

Påmeldingsfristen er sett til 15.09.2019

For de som har born som har vore med på tilbodet i 2018-19 gjer vi det slik at vi automatisk vidarefører påmeldinga, de treng altså ikkje melde på borna på nytt. Dersom de veit at borna dykkar ikkje skal vere med til hausten, så send ein epost til allidrett@outlook.com så skal vi stryke dei frå lista.

Med Allidrett i Trott ønskjer vi å gje borna glede med fysisk aktivitet, i ein trygg sosial setting der vi gjev borna høve til å prøve ut ulike typar inne- og uteaktivitetar.

Innandørs vert det leik og basisaktivtetar retta mot balanse, koordinasjon, balltilvenning etc. I tillegg vil vi vere ein del utandørs, med natursti, sykkelaktivitet, hinderløype, ski, aking og skeiser om vinteren etc.

Vi tar utgangspunkt i at allsidigheit, leik og mestring er grunnleggjande for utvikling av fysisk aktive born. Tilbodet skal gi borna mangfald og variasjon i aktivitetar innandørs og utandørs. Målet er å stimulere til utvikling av grunnleggjande fysisk mestring. Som igjen kan stimulere interesse for å vere fysisk aktiv lengst mogeleg. Tilbodet er opent for alle.

Vi starter opp med aktivitet (ein gong i veka) i midten av september, og avsluttar året rundt 1. mai.

Me har fast tilhald i gymsalen på Rommetveit skule (born fødd 2013 og 2014) og Nordbygdohallen (born fødd i 2011 og 2012). Tidene vert tilpassa dei treningstidene fotballen i Trott har for årsgruppene 2011-2013, slik at det ikkje vert på same dag.

For litt meir informasjon om kva type aktivitetar vi har kan du sjå til halvårsplanane for våren 2019.

Følg Trott Allidrett på Facebook.

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift