Tilbod om ekstratrening/ spelarutvikling

Ekstratrening oppstart fredag 31. mai kl. 16.00 - ca. 17.30 Det blir kort presentasjon og informasjon om spelarutvikling- og ekstratreningsprosjektet i starten av treninga.

Trott har som kjent motto: ”Trott for alle”. Me opplever at det blir gjort eit godt arbeid rundt om i dei ulike laga og aldersgruppene for å lukkast med dette. Likevel ser me at me kan bli betre på område som t.d. spelarutvikling – dvs. at me kan bli betre til å gje eit ekstra tilbod til dei som har motivasjon, evner og haldningar til å bli ein betre fotballspelar.

I denne samanheng har Trott knytt til seg Lotfi Lazaare frå Karmøy og Jonas

Jonsson fra Stord. Lotfi er ein høgt utdanna trenar som bl.a. har trena både

Avaldsnes, Haugar, Byåsen og det Marrokkanske damelandslaget på kvinnesida,

herrelaga til Skjold og Torvastad, og i tillegg vore spelarutviklar i FKH og

Avaldsnes. Jonas har over 10 års erfaring som proffesjonell fotballspiller i flere

klubber, bla SK Brann og Bryne FK. Han har også trena Stord, Trott og

Mandalskameratene på herresiden. Kontakperson og ansvarleg frå Trott si side

blir Jonas Jonsson. Lotfi og Jonas vil samarbeide rundt det sportslege

opplegget.


På fredagane ønskjer me å gje eit ekstratilbod til alle spelarar (gutar og jenter mellom 9 og 13 år) som ønskjer å bli betre. Dette er eit opent tilbod der fokuset er speleglede. Annan kvar søndag vil ein også gje eit ekstratilbod med personleg oppfølging til ei mindre gruppe spelarar. Desse vert plukka ut av Lotfi og Jonas i samarbeid med lagstrenarane..

Dette er eit prosjekt som Trott håpar å få 100% på plass etter sommarferien.
Tilbodet vil i utgangspunktet vere gratis for våre spelarar.

Meir informasjon om spelarutvikling og ekstratrening kjem Trott attende til når det er på plass.

Trott oppmodar trenarar og lagleiarar å legge dette ut på dei aktuelle fb- sidene og lagsidene for laga sine.

Følg oss på Facebook!


Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift