Trott og Tine fotballskule

Tradisjonen tru vart det også i år arrangert Trott og Tine fotballskule i Prestegardskogen. I år gjekk fotballskulen av stabelen den 24.-26.juni.

I flott ver stilte 112 jenter og gutar i alderen 7-13 år opp i Prestegardsskogen for å starte sommarferien med å spela fotball i tre dagar.

I Trott er me så heldige å ha med oss svært flotte og dyktige instruktørar som gjorde desse 3 dagane både kjekke og lærerike for borna.


Desse var: Mari Røssberg, Cathrine Lothe, Solveig Borrevik, AnnTove H. Brandvik, Hanna Grov, Selma S. Lande, Trishia Abrahamsen, Jonas Brakedal Eide, Vegard Borrevik Eide, Oskar Vatle, Håvard Borrevik Eide, Simen H. Grov, Erlend H. Grov og Håkon J. Arnesen.


Alle banene i Prestegardskogen var i bruk og borna vart delt i grupper etter alder. Det var ei utruleg ivrig og lydhør spelargruppe. Dagane gjekk med høg aktivitet og spelarglede, og utan problem av noko slag. Onsdagen vart som vanleg avslutta med VM Cup.


Alle deltakarane på fotballskolen fekk kvar dag ei Litago sjokolademelk frå Tine, i tillegg til ryggsekk, T-skjorte og ein fotball frå Trott.

Eg er også stolt av at vi i Trott kvart år har med viktige vaksne medansvarlige, for å kvalitetssikra arrangementet, og legga gode praktiske og pedagogiske rammer kring Trott og Tine Fotballskule.

I år var desse: Remi Tyse, Birger Grov, Edmund Lande, Erling K. Grov, og Eva S. H. Grov.


Eg vil med dette takka alle som stilte opp, og var med å gjere dette til eit vellykka arrangement - Eg gler meg allereie til neste sommar og ny fotballskule!!!


Prestegardskogen, 26.06.19

Eva S. H. Grov

Følg oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift